søndag 29. april 2012

Gildt Grønt gras

Nøgde mottakarar av Grønt gras-premie på lørdag.
I helga har det vore «fina vêret» og Grønt gras-turnering på Frøyland. Orstad-7 har debutert i nabo-turneringa med fynd og klem. Orstad 1 spelte fire kampar på lørdag, mens 2-laget har spelt sine fire i dag, søndag.


Nettsus
Ballen treff motstandarnetta stadig oftare. Lørdag blei det scora to; søndag fem ... Og det er her eg ikkje hugsar heilt, ehm .. Eg trur talet på innslupne mål var omtrent likt eller deromkring .. ;-)

Orstad 2 takkar motstandarane frå Ålgård for kampen.


Mellom oppgjera har det vore god tid til eit kioskbesøk, til pølser og is - og til taktikkprat på sidelinja.




Velfortente premiar blei det på søndagen også.



Etter siste fløyteblås vanka det flotte premiar på dei unge, flotte Orstad-spelarane. Takk for innsatsen, små og store!

Asbjørn


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar